Brevet frå Mari (11) fekk bystyret til å vedta forbod mot heliumballongar på 17. mai

25-04-2018 nrk.no 3 min #140564

- Eg syns det er flott at dei høyrde på meg. Heliumballongane kan hamne i naturen og havet og det er ikkje bra, seier 11-åringen Mari Grønli.

Torsdag i førre veke sende ho brev til Førde-ordførar Olve Grotle (H) der ho oppmoda bystyret om å forby heliumballongar på 17. mai. Onsdag ettermiddag vedtok eit samrøystes bystyre eit forbod mot sal av heliumballongar på kommunal grunn på nasjonaldagen.

Det var avisa Firda som først omtalte brevet frå 5.-klassingen.

Brevet frå Mari til ordføraren

Ekspandér faktaboks

Heliumballongar - til ordføraren i Førde.

Eg synest vi ikkje burde ha heliumballongar i Førde på 17. mai. Det er fordi det er så mange barn som mistar ballongane slik at dei flyr opp i himmelen. Og så landar dei jo sjølvsagt ein stad - anten i havet eller i naturen. Då vert naturen og dyra skada. Heliumet er også sjeldan her på planeten, og da er det ikkje lurt at vi brukar det opp berre for å ha det litt gøy ein dag i året.

Det er mange byar i Noreg som har sagt at dei ikkje tillèt heliumballongar i år. Derfor synest eg at Førde bryr seg litt for lite om forureining. Eg håpar ordføraren no gjer noko med dette.

Mari, 11 år - Førde

Nasjonal trend

Den siste tida har det vore merksemd om plast-problemet og spesielt plast i havet. Det har ført til at fleire store byar, som Bergen, Stavanger, Tromsø, Haugesund og Oslo har innført forbod mot heliumballongar på 17. mai. MDG vil ha eit nasjonalt forbod mot ballongane.

- Det er mange barn som mister heliumballongane sine på 17. mai, seier Grønli.

- Det har gjort inntrykk på meg at ein så ung elev har sendt eit brev til meg. Ho har ikkje berre peika på miljøaspektet med heliumballongar, men også på detat helium er ein viktig ressurs innan medisin, som det er avgrensa mengder av i verda, seier Førde-ordførar Grotle.

FORBOD: Fleire norske byar har vedteke forbod mot heliumballongar 17. mai. No følger Florø og Førde etter.

Foto: Deyan Georgiev

Det bystyret har vedteke er at ingen får selje heliumballongar på kommunalt området på nasjonaldagen. Det vil likevel ikkje får konsekvensar for dei som allereie har fått løyve i år. Forslaget kom frå Venstre og MDG.

Også i nabobyen Florø vedtok bystyret eit plastforbod denne veka.

- Heliumballongar er eit symbol på vårt overforbruk av naturressursar og vår forsøpling av naturen, seier bystyrerepresentant for MDG i Flora kommune, Martin Malkenes.

nrk.no

 Commenter